Prøv ei natt eller tre i vår unike husbåt! Her er det plass til fire personar- dobbeltseng og ein sovesofa. Gasskomfyr for enkel matlaging, men ingen oppvask- det tek puben seg av. Tilgang til toalett på puben. Eiga veranda der du kan sitje og nyte utsikten mot skipsleia. Det er ikkje innlagt vatn, men pubverten ordner friskt vatn i bøtte, så her får du tilbake den EKTE hyttestemninga! Ta gjerne med eige sengetøy, men du kan og tinge ferdig oppreidde senger mot eit lite pristillegg. Du kan òg leige båt med 5 h motor. Prisar: Overnatting: 250 kr per person(per døgn.) Tillegg på 100 kr for oppreidde senger. Leige av båt: 100 kr per døgn.