|
Om megEg er Edvin Dybvik. Er ein mann i min beste alder. Vaks opp i Trondheim. Byrja å dra utover til Tarva for over tjue år sidan for å observere det fantastiske fuglelivet. Møtte her eit landskap og eit folk som tok meg med storm. Tilfeldigvis kjøpte eg og kona ei tomt her. Då puben kom for sal kjøpte vi han. Eg er ein lidenskapeleg fiskar og friluftsinteressert og er etter kvart blitt ein dedikert sankar som set pris på å sanke og tilbereie kortreist og "vill" mat som nytast med godt drikke til. Eg vil gjerne lære bort dette til fleire, og gi fleire del i den overveldande opplevinga det er å vere her ute på vakre Tarva. Kanskje det blir deg? Ver velkomen! ArkivKategorier |