Tarva
  • TARVA - Pub og Café
  • Meny
  • Overnatting
  • Blogg

Velkomen til Tarva pub og cafè!

Kjære gjest! Ta turen til trivelege Tarva! På Tarva pub og kafè tilbyr vi mat og drikke i fantastiske omgjevnader.

Vi arrangerer alt frå skalldyraften og sjakkturnering til fiskekonkurranse, fleskmarsj, fårikål-kveld, auksjon, HURP(Hurtigrutepils), quiz-kveld og bacalaolag. Hos oss kan du få både øl, mjødurtdram og andre likørar, gammelsalta sei, kråkeboller og hjarteskjel.                           
Hit kjem både båtfolk, byfolk, sauesankarar, soppfolk og ikkje minst fuglekikkarar. Her kan ein sjå sjeldne artar som sibirlo, stormsvale, grålire og havsule. I tillegg har Tarva eit herleg historisk sus i form av både gravhaugar, steinrøyser og krigsminnesmerke i form av både bunkarar og såkalla "hitlertenner". 
Den kortreiste kvalitetsmaten utgjer prikken over i-en. Kva med eit kurs i sanking av hjarteskjel? Det kan du få hos oss! Nytt av året: Vi tilbyr no overnatting i husbåt. Du somnar til lyden av blide bølgeskvulp og vaknar til strålande soloppgangar! Legg deg  på lading ei stund her hos oss.
Velkomen skal du vere!
​Edvin.

    Kontakt oss her:

Submit
Tarva er ei øygruppe rett vest for fastlandet i Bjugn på Fosenhalvøya i Trøndelag. Følg Fv 721 frå Botngård mot Lysøysund. Ta av mot Nes etter 3 km og fortset til Dypfest kor det er fergesamband til Tarva. Du finn rutetider på https://www.atb.no.
Velkomen til Tarva og til vår pub og cafè! Her kan du smake kortreist kvalitetsmat, nyte ein iskald øl eller ein dram laga av friske råvarer frå øya. 
  • TARVA - Pub og Café
  • Meny
  • Overnatting
  • Blogg